Gå til meny

Det viktigaste slagordet i Noreg på nynorsk

Sidan 1985 har det slagkraftige slagordet til SOS Rasisme vore "Ikke mobb kameraten min". Symbolet er ei gul, open hand med svart skrift. Dette jakkemerket har seld meir enn 400 000 i Noreg. Me tek dette slagordet svært alvorleg, og no har me omsider lansert slagordet "Ikkje mobb kameraten min".
Sidan 1985 har det slagkraftige slagordet til SOS Rasisme vore "Ikke mobb kameraten min". Symbolet er ei gul, open hand med svart skrift. Dette jakkemerket har seld meir enn 400 000 i Noreg.


Me tek dette slagordet svært alvorleg, og no har me omsider lansert slagordet "Ikkje mobb kameraten min".


Merket er ei fråsegn mot alle former for rasisme og mobbing, for likeverd og tolsemd. I haust tinga mange skular merket som ein del av kampanjen mot mobbing. Mange skular etterlyste jakkemerket på nynorsk.


Me har to jamstelte målformer i Noreg, bokmål og nynorsk, og dette ynskjer SOS Rasisme å ta på alvor. Me lagde difor det nynorske jakkemerket i 5 000 eksemplarer i desember. Me er allereie i ferd med å gå tom og har tinga 10 000 nye.


- No kan medlemmane i SOS Rasisme velgje kva målform dei ynskjer å fremje sitt standpunkt mot rasisme på, seier organisatorisk nestleiar Trond Thorbjørnsen. - Den plassen som nynorsken og norske dialektar har i norsk kultur syner ein respekt for mangfald.


Prisen på jakkemerket på nynorsk er, som på bokmål, 15 kroner.


Pressemelding fr

25.02.2004

© 2009 SOS Rasisme

SOS Rasisme Arbeidsutvalget       SOS Rasisme Økonomiutvalget
Pilestredet 29A, 2 etg, 0166 Oslo       Strandgata 71, 5528 Haugesund
Tlf: 400 90 162 / 163 / 164 E-post:au@sos-rasisme.no       Tlf: 52 71 21 75

SOS Rasisme er Norges eneste demokratiske medlemsorganisasjon som bruker alle sine krefter i kampen mot rasisme og nazisme. Vi har over 40 000 medlemmer og over 170 lokallag over hele landet.